Velkommen til Sogn og Fjordane Arbeidarparti
Vi vil ha eit demokratisk samfunn som sikrar alle menneske likeverd, tryggleik og eit meiningsfullt liv. Fylkespartiet sitt kontor ligg i Storehagen 5 i Førde. Det er fint om du kjem på besøk, og du må gjerne ta kontakt med oss på telefon 578 28 705 eller sogn-og-fjordane@dna.no om du heller vil det. Postadressa vår er postboks 128, 6801 Førde.
Nyheter
Reiseliv er ei vekstnæring
Vi er midt inne i den mest hektisk tida for reiselivet i fylket. 2010-sesongen ser ut til å bli noko betre enn sesongen førre år, men det tek enno litt tid før næringar når gjestedøgntala frå eit par år sidan.. Alle solemerke tilseier likevel at reiselivet vil vere ei vekstnæring i åra framover. Årsaka til dette er at vi får betre økonomi både nasjonalt og globalt. Fritida vår vil auke. Vi får større behov for auka fysisk aktivitet, gjerne ute i naturen. Det er elles verdt å merkje seg at reiselivet er ei global næring der destinasjonane på Vestlandet i større og større grad må konkurrere med reisemål ute i Europa og i andre verdsdelar.
Eit arbeid til å leve av
Kommunal sektor har mange utfordringar i tida framover. Ein av dei største er nok å rekruttere arbeidskraft til pleie- og omsorgsektoren. Berre i min eigen kommune skal vi erstatte om lag 60 personar som går av med pensjon dei næraste åra. Dei fleste av desse er kvinner. Årsakene til at det vanskeleg å rekruttere er mange. Eg kan nemne: Låg løn, fysisk tungt og stressande arbeidsmiljø og svært mange deltidsstillingar.
Regjeringa har greidd å halde oppe full sysselsetting
Den raudgrøne regjeringa med Jens Stoltenberg i spissen har lukkast med den økonomiske politikken. I mange land i Europa har arbeidsløysa vakse til over 10 %. I Noreg har vi derimot ei rekordlåg arbeidsløyse. Arbeidsløysa er faktisk lågare enn den nokon gong ha vore dei siste 20 åra. Landet vårt har også klart seg svært godt gjennom finanskrisa som har ramma verda. Fleire land i Europa opplever dei sterkast økonomiske tilbakeslaga på 70 år.

