Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 8. juni 2011). Les mer om roperten…

Trygge lokalsamfunn og god folkehelse

Trygge lokalsamfunn og god folkehelse må også inkludere skulehelsetenesta i vidaregåande opplæring.

På fylkestinget tysdag 7 juni vart fylkeskommunen regodkjent som eit Trygt lokalsamfunn gjennom Verdens Helseorganisasjon (WHO) sitt nettverk Safe Community.

Sogn og Fjordane var tidleg ute i dette arbeidet og blei som første norske fylke utnemd i 2005. Og no er vi også først ute med regodkjenning. Dette er nok ei sak som ikkje har fått den merksemda den fortjener!

Sogn og Fjordane Fylkeskommune har vore eit føregangsfylke med sitt arbeid og engasjement i førebygging av skader og ulykker i fylket generelt og overfor utsette grupper. Dette har fylkeskommunen jobba strategisk og praktisk med i eige fylke, men har også løfta det fram på nasjonalt og regionalt nivå. Dette gjeld td. Trafikktrygging, heimeulukker fallulykker

Trygge lokalsamfunn er også integrert i vårt partnarskap for folkehelse, og her fins det nok forbetringspotensiale for vidare arbeid.

Folkehelse er eit viktig område og det vil bli trong for å arbeide meir førebyggande og helsefremmande for å betre folk si helse og livskvalitet framover.Det er difor viktig at trygge lokalsamfunn må integrerast i heile den fylkeskommunale organisasjonen som eit ledd i det lovpålagde ansvaret i folkehelselova. At fylkeskommunen no har blitt regodkjent som trygt lokalsamfunn bekreftar at vi vil vidareføre og vidareutvikle det forebyggande arbeidet etter trygge lokalsamfunn-modellen.

Skulehelsetenesta er ein viktig del av det totale folkehelsearbeidet. Ungdom er på mange områder ei utsett gruppe, og skulehelsetenesta skal være eit lågterskeltilbod, der det skal være enkelt å få hjelp.

AP har ved fleire høve vore pådrivarar for å få til ei styrking av skulehelsetenesta i vidaregåande opplæring, no sist på møte i HO 24 mai. Der fekk vi tilslutning til vårt framlegg til vedtak som blant anna går ut på å gå i dialog med kommunane om å definere ein minstestandard for skulehelsetjeneste og at ein må gjere ei grundig vekting og vurdering mellom dei ulike tiltaka som kan knyttast til folkehelse for å sikre elevane eit best mogleg tilbod.

Det som er utfordrande her er at elevane har ulikt omfang på tilbodet om skulehelseteneste ut frå kva skule dei går på! Det er vertskommunane som er ansvarlege for tilbodet innan skulehelseteneste medan det er fylkeskommunen som er ansvarlege for den vidaregåande opplæringa.

AP håpar no at denne regodkjenninga som trygt lokalsamfunn, vert følgt opp med målretta innsats og samarbeid med kommunene, også for å få til ei betre skulehelseteneste i vidaregåande opplæring.

Karianne Torvanger
fylkestingsmedlem

Vist 146 gonger. Følgt av 1 person.