Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 5. oktober 2011). Les mer om roperten…

Arbeidsplassar først!

Sogn og Fjordane er fylket som toppar mange skulestatistikkar, har dei høgaste fødselstala pr. kvinne, har minst kriminalitet, lågast arbeidsløyse og relativt små sosiale utfordringar.
Kort sagt, toppar dei gode statistikkane og er på botn på dei dårlege statistikkane.

Med bakgrunn i nemnde statistikkar har folk i Sogn og Fjordane sterke forventningar til styringa av landet.
Når eg møter folk engasjert i reiseliv, i kraftforedlande industri, i fiskematproduksjon, innan maritime næringar og i verkstadindustrien, kort sagt i mykje av arbeidslivet vårt, ja då er signalet; Hold orden i økonomien!
På grunn av den internasjonale gjeldskrisa så er kjøpekrafta i verda rundt oss under sterkt press. Difor må me for alt i verden unngå ein for sterk kronekurs! Varene som me skal selja i utlandet vil bli for dyre.

Det er ein hårfin balansegang mellom ei ukontrollert bruk av oljepengane våre og konsekvensar for eit høgt tal arbeidsplassar i heile landet og særleg i Sogn og Fjordane.
Norsk næringsliv står godt rusta til å møta ein internasjonal konkurranse. Det er ikkje slik at dagens skattenivå er den største trusselen mot våre arbeidsplassar, men ei velmeinande og ukontrollert bruk av oljepeng er trusselen når det motsatte er viktig. Eg er samd i at det er både lett og freistande å seia ja til dei mange gode og naudsynte føremåla som me dagleg ser. Men prisen blir høg å betale når det går utover arbeidsplassane våre.

Norsk økonomi er inne i ein konjunkturoppgang med nedgang i arbeidsløysa. Då er det dårleg politikk å gje økonomisk gass.
Under finanskrisa for nokre år sidan var situasjonen ein annan. Då dempa ein ekspansiv finanspolitikk det økonomiske tilbakeslaget, men førde samtidig bruken av oljeinntektene opp på eit nivå langt over det vedtekne politikken på 4% av avkastninga på fondet.

Det var rett politikk den gongen. No er situasjon stikk motsatt. Difor er økonomisk måtehold no viktig og riktig politikk for verdiskapinga, kostnadsnivået og arbeidsplassane våre.

Ap sin finanspolitikk er altså tilpassa utfordringane. Denne norske samfunnsmodellen verkar svært godt. Frå 2005, då Stoltenberg og Ap tok over, er det skapt 250000 nye arbeidsplassar. 3 av 4 utanfor offentleg sektor.

Mitt forsiktige ønskje er at heile høgresida kunne tilpassa bruken av oljepeng til utfordringane. Det er ikkje slik at meir bruk av oljeinntektene er svaret på alle spørsmål, både i motgang og i medgang slik som Frp sine svar på utfordringane er.

Eg registrerar at Høgre og Frp dagleg snakka om den nye kursen som skal førast etter 2013, men maken til sprik på eit viktig politikkområde skal ein leite langt etter. Det lovar ikkje godt for arbeidsplassane våre om så gale skulle skje.

Vist 204 gonger. Følgt av 1 person.