Rett til ønska heiltid

Noreg er eit av landa i Europa med størst kvinneandel i arbeidslivet. Likevel er det slik at nesten annakvar kvinne, arbeidar deltid, sa Anette Stegegjerdet frå Luster på landsmøtet på laurdag.

Arbeiderpartiet har alltid kjempa for kvinner sin rett til å arbeide og leve sjølvstendig. Kvifor er det slik at denne retten enno ikkje gjeld for dei kvinnene som står på dag etter dag i dei kanskje minst attraktive og dårlegast betalte jobbane i samfunnet vårt? Heilt frå eg var lita jente har mor mi mana til at eg skulle ta høgare utdanning. På den måten ville ho være sikker på at eg ville få eit reelt val, at eg kunne velja noko anna enn å arbeide på golvet som låglønt. Mor mi er nemleg ei av alle dei som sørgar for at bestemor har ein plass ho kan få omsorg når ho ikkje lenger veit kva dag det er, eller når lårhalsbrotet sett ho ut av stand til å klare seg sjølv. Dei gjer den jobben som mange av oss ikkje har moglegheit til å gjere for dei eldre som me er så glad i.

I programmet vårt står det at samfunnet skal stille opp for dei som fell utanfor-ALLE SKAL MED. Men mange kommunar som arbeidsgjevar tolker visst lover og avtaleverk slik at desse arbeidstakarane ikkje er verd full stilling, ei arbeidstid og ei løn å leve av. Gode intensjonar forduftar tilsynelatande lett i turnusforhandlingane. Kommunane som arbeidsgjevar har vist at dei ikkje tek ansvaret sitt på alvor.

Likestilling av skift og turnus vil gi betre rettar for "kvinnene på golvet". Men då spør eg statsminister Stoltenberg er vi i mål med dette, kan vi godta at kommunane spekulerer i å nekte folk full tid, let dei ta ekstra vakter og ikkje få overtidsbetalt, kan vi godta at desse kvinnene ikkje klare å stå i jobben til pensjonsalder, at mange vert uføre grunna belastningsskader og at dei uansett endar opp som minstepensjonister fordi dei aldri fikk full stilling? Kan vi godta at desse kvinnene i året 2009 er avhengig av ein mann for å kjøpe seg eigen bustad og klare dei faste utgiftene sine? Får me, med dette systemet, så mange unge menneske inn i desse yrka som me treng når eldrebølgja sler til med full styrke i åra framover?

Finanskrise eller ei, det er uverdig å be desse kvinnene om å vise moderasjon i høve til løn og arbeidstid. Stiller ikkje Arbeiderpartiet opp for desse kvinnene gjer vel ingen det. No må "deltid ein mogelegheit, heiltid ein rettigheit" bli ein realitet. Gje desse kvinnene ein god grunn til å stemma Arbeiderpartiet til hausten.

19.04.2009

Utskriftsvennlig versjon
Emneord: Ingen søkeord.